Området gjev mange høve til å gå korte og lange turar i fjellet som for eksempel til Endalsvatnet, Troda og Skaret. Du kan også gå turløype på Davik; «Norsjøløypa».

 

Det er også mange kjende attraksjonar i Nordfjord som for eksempel Kråkenes fyr , Kannesteinen, Hornelen, Vestkapp, Kjerringa, Briksdalsbreen, Lodalen, Hoven i Loen, Grotlesanden, Erviksanden og Selje Kloster.

 

Dersom du ønskjer kan vi bistå med informasjon og tips om dei aktuelle reisemåla som verkar spennande for deg.