Er du på leiting etter ein stille og rolig ferie med høve til å slappe av, nyte fin natur ved sjø, i skog og på fjell, eller båttur med fiskesnøre utfor båtripa?

Då er Endal Fjordferie plassen for deg.

Endal ligg på sørsida av Nordfjord, i Bremanger kommune, - ca 7 km frå Davik, der det også fins ein liten nær-butikk.

Det store kvite huset er gardshuset som vart bygt på 1930-talet. Huset har blitt renovert frå 2014-2016.

Huset ligg i eit tun, omgjeve av «gamlestova», stabburet og vedhuset, og har flott utsikt til fjorden både frå stove og soverom.

På loftet er der tre soverom og bad, i første etasje er eitt soverom, bad, kjøkken og stove.

Kjøkkenet er godt utstyrt med komfyr, oppvaskmaskin, vannkokar, kaffitraktar,  servise og ulike hjelpemiddel til matlaging.

På aust- og sørsida av huset er der treplattingar med hagemøblar.

Ein stor hage omgjev huset og tunet. Her er gode høve til ulike aktivitetar. Huset er utstyrt med badminton /nett, fotball / små fotballmål og korgballstativ.

I kjellaren på huset er det høve til å leige bordtennisbord m/utstyr.

For dei som likar å vere på sjøen, er det høve til å leige robåt. Båt kan leigast på vekebasis. Redningsvestar er plassert i huset.

Det er gode høve for å fiske i sjøen. Dei vanlege fiskeslaga er sei, torsk, lyr, lange, brosme og makrell.

I Endalsvatnet på fjellet kan du fiske ein liten ørrettype, som lokalt vert kalla «krede».

Er du heldig, kan du sjå hjort som beiter på bøane på Endal.

 

Vi har utleigeavtale med Interchalet frå midten av mai til 1.oktober. Utanom denne tida kan huset leigast ut direkte. 

 

Velkommen til Endal Fjordferie!